Vi ynskjer at de oppbevarer kle o.a. på denne måten:
- korg: bytteklede (minst 2 av kvar)
- hylle: det som blir brukt dagleg (hue, vottar, hals...)
- knagg: ytterjakke og sekk
- benken: sko (støvlar har plass i grovgarderoba)
Vi minner om at de som foreldre har ansvar for at plassen blir rydda kvar ettermiddag. Ta også med teikningar, perlefigurar o.a. som barnet dykkar har laga. Dei har gleda seg til å gi det til dykk!
Private leiker skal ikkje oppbevarast i barnehagen.
Husk tøfler/innesko til bruk inne.
GROVGARDEROBENE:
Her har kvart barn fått eigen plass til vinterdress/parkdress og skoknekt.
På det rullande stativet er det plass til regntøy.
Vi tørker ikkje våte vinterdressar men regntøy kan henge og tørke på stativet.