Vi er ein privat barnehage eigd og dreven av stiftelsen Øyra barnehage.

Barnehagen vart først stifta i 1988 og var i drift frå 1989. Vi var opprinneleg ein einavdelingsbarnehage som frå 2012 har blitt utvida til ein barnehage som er godkjend for 76 plassar (58born)

Øyra barnehage er ein barnehage med spennande og rause vaksne som gløder for borna.I vår barnehage introduserar vi borna for livet gjennom spennande aktivitetar i ei magisk verd som gir borna kjensle av meistring, så barnet kan "klare sjølv" Vi held til i Seljebakken på Hauane i Volda i nye og lyse lokaler. Vi har to basar :ei storbarnsbase og ei småbarnsbase.

  • Storbarnsbasen inneheld gruppene :Kvitveis, Solsikke og Kløver 
  • Småbarnsbasen  inneheld gruppene :Prestekrage og Blåklokke 
  • Vi har ei bemanningsnorm på 3/18 og 3/9
  • Opningstida vår er 07.15-16.45
  • Vi tilbyr 80% og 100% plassar
  • Vi har heilårsope
  • Har stengt på jule- og nyttårsafta og stenger kl. 12.00 onsdag før skjertorsdag